Prolog til Misjonssambandet si kvinneforening på Varhaug sitt 100 års jubileum. 29. oktober 2007.

 

Om du tar føtene fatt og går frå Varhaug stasjon, nordover på Dysjalandsvegen og svingar vestover mot Bratland på grusvegen der, kan det hende du ser det same som eg gjer ei kveldstund i skumringa på veg mellom to steingardar. Frå Toppen ser eg stasjonen, lengre sør ligg Reiestad, Tjemsland, Kydland og Odland. Eg ser gardane Varhaug og Nord-Varhaug, Lerbrekk, Dysjaland og Bratland. Eg ser husa på Komlavodl og Jerodlå.

 

På denne årstida, i oktober, når det er klarvêr kan eg sjå sola som er på veg ned i horisonten. Av og til kan sola vere raudfarga. Og fargane i dei lette skyene over sola og over horisonten vest i havet kan målbinde og trollbinde. Det er eit kunstverk som berre Herren kan skape.

 

Litt sør for Lerbrekk, nede på Varhaug veit eg at den gamle kyrkjegarden ligg. Og ser eg til høgre, mot nord, veit eg at garden Hobberstad ligg der. Inne i ei klynge med høge og gamle tre ligg eit hus. Huset er gammalt, lågt og kvitmålt. Det ligg mest utmed riksvegen. Kor gammalt huset er, veit eg ikkje, men eg veit at oldemor, Rakel Hobberstad budde der, og at sonen hennar, min morfar Magnus Hobberstad, vart født i det huset i 1892.

 

Der hendte noko i det huset på Hobberstad for vel 100 år sidan. Oldemor vart ein kristen under ei vekking i bygda i 1906. Morfar fortel i eit opptak frå Norea i 1957 at han som 16 åring, to år etter, i 1908, vart konfrontert av to unge jenter som budde der i heimen. Kven dei to var, og kvifor dei budde der, veit eg ikkje, men morfar seier at han vart konfrontert av desse to jentene. Korleis er det med deg, ville dei vite. Dei sikta til hans tilhøve til Gud.

 

Min munn var lukka, men deira vitnemål gjekk som broddar inn i mi sjel. Eg kunne ikkje koma frå det meir, seier morfar på det knitrande opptaket. Og me veit korleis det er med broddar, dei slepper ikkje så lett. Morfar var gripen av dei same broddane som hadde gripe fast i oldemor. Morfar vart seinare aktivt med i misjonslaget på Varhaug. Kona hans, mi mormor, heitte Magna. Ho var med i foreininga så lenge ho levde.

 

Dei gamle kalla det naud for dei unådde og ufrelste. Og det er kanskje det me skal kalla det i dag også. Rakel Hobberstad opplevde noko ho ikkje kunne kome i frå. Noko som ikkje slepte taket. Oldemor vart med i Kinamisjonen. Og i lag med Taletta Tenold og Rebekka Lerbrekk, starta ho foreininga som har sett spor etter seg i bygda vår gjennom 100 år.

 

Oldemor vart ikkje gammal. Alt i 1914 døydde ho 55 år gammal. Men det ho var med på å starta, foreininga, lever framleis på Varhaug 100 år etter.

 

Kjære foreiningskvinner. Gratulerer med den store dagen. Det er ei æra å få framføre ein prolog. Og det er ei umogleg oppgåve. For det som de representerer, 100 år i Guds rikes arbeid er så stort og så mektig at ein stakkar kan verte og vert, både skjelven og liten, og fylt med ærefrykt og prestasjonsangst. For dagen i dag er dagen for dei store og fine orda. Det er dagen for å heidra og for å minnast og for å sjå framover.

 

Eg har sjølv vore med på foreining. Eg har faktisk gått i to. Bestemor, Rakel Håland, var med i Auestadforeininga til Misjonsselskapet. Der hugsar eg at eg fekk vere med minst ein gong. Og så var eg med minst ei gong i foreininga som i dag markerer 100 år. Det kan ha vore i 1969. Eg var sju, og bror min, Morten, var fem. Mor tok på oss fine skjorter, greidde dei lyse luggane og sette oss på ein krakk i stova med kvart vårt vesle broderi. Ein klokkestreng. Med raud og gul og grøn tråd og med streng beskjed om å sitje stilt.

 

Det var gjævt å gå i foreining for ein gutunge på sju. Mor begynte tidleg dei måndagane ho hadde foreining.

 

Det skulle velast om. Det skulle stellast til med mat, og salongbordet skulle dekkast med kvit duk og fin porselen. Det var fine, kvite skjever, delte i to med pålegg som var langt meir enn kvardagskost som plommesylt og brun ost. Det var fint kjøtpålegg pynta med agurk og tomat. Og det var swissrull med syltetøy og masse fløyte. Det var kaffi med fløytemugge på bordet og med sukkerskål og ei fin sølvklype til sukkerskåla. Og kanskje me to gutungane ville få lov til å dyppe ein sukkerbit i mor sin kopp.

 

Foreininga begynte klokka halv åtte. Og konene kom i god tid. Me høyrde bilane eller lyden frå fotstega eller sykkelhjula i singelen i gardsrommet då dei kom. Pulsen steig hjå oss gutane som skulle vere med i foreining. Det var høgtid når konene begynte å rutle med kåpene i gangen og trådde inn i ei såpe og kaffiluktande stove. Konene kom i kjole eller stakk og bluse. Og med handarbeidet og eit lommeplagg, ein pose kamferdrops og songboka i handveska. Ingen hadde mobiltelefon i taskå, og eg trur ikkje det var mykje sminkesaker heller. Men nokre hadde med eit nytestamente, andre ein slitt og velbrukt bibel, medan andre igjen hadde siste nummeret av Utsyn, bretta fint saman for å passe nedi taskå.

 

Så starta foreininga med song. Kanskje song dei Gi meg ditt ømme frelsersinn. For slektens sorg og larm. Lukk meg i dine smerter inn Og gjør meg sterk og varm. Lær meg å skue med ditt blikk. Hvert folk som liv og grenser fikk Å bære verdens nød og skam. Med kjærlighetens offerbrann. Til døden tro. Tolmodig sterk og fro.

 

Ikkje så lett å forstå for ein sjuåring, men giss om eg sat stilt og høyrde etter på songen der me sat på krakken attmed veggen. Heilt stilt sat me der. Og fikla med små og uvante fingrar med skummel nål og eit lite broderi for at ikkje mor skulle sanse oss, og hugse på å få oss til sengs.

 

 

Ingen må tru at multimedia er nytt. Allereie for 38 år sidan opna mor foreininga med å setje på ei plate med ein andakt av Ludvig Hope. Ei 78 plate med hakk og skrapelydar. Men stemmen til Hope som døydde i 1954 var kjent for alle foreiningskonene i 1969. Tittelen på plata var Evig liv. Eg hugsar at konene sat og nikka og kikka på kvarandre. Dei sette sikkert stor pris på å få høyre denne andakten.

 

Det var alltid gildt og noko ekstra trygt å leggje seg når mor og far hadde kveldsbesøk, då dei hadde framande, som me sa. Klirring i kaffikoppar og bestikk, kaffilukt. God drøs og høge låttar frå glade mannfolk og koner.

 

Det var mest endå tryggare å leggja seg då mor hadde foreining. Kaffilukta var den same. Men klirringa med koppane var litt meir forsiktig. Og der var ikkje høge låttar og godt drøs. Det var forsiktig klirring frå spøt. Så vart det stilt. Då visste eg der eg låg på loftet at det var ei som sa noko, som vitna om Gud og Jesus og misjon og sånt. Og så vart det song. Og så vart det klirring frå misjonsbøssa, og så vart det stilt att. Og så klirra det frå spøtene. Og så song dei ein song og så sovna eg på loftet.

 

Trygg og varm under dyna då mor hadde foreining.

 

I hundre år har Kinamisjonen eller Misjonssambandet hatt foreining på Varhaug. Året 1907 var to år etter unionsoppløysinga, det var fem år før tragedien Titanic. 1907 var sju år før første verdskrigen og 33 år før den andre.

 

Det var ikkje bilar på Varhaug i 1907. Heller ikkje straum eller telefon. Ikkje radio eller fjernsyn. Varhaug var ein jernbanestasjon og eit meieri og nokre ganske få hus og knapt eit einaste tre. Elles var det små gardsbruk med små låge fjos. Det var små torvfyrte hus med parafinlys. Det var hushaldslandbruk med nokre høner og sauer, eit par kyr og kanskje ein gris og ein hest. Det var små flekker å dyrke mat på. Elles var det myr, lynghei, beitemark og stein.

 

Kvinnene stelte fjøs og hus. Dei fødde born, og dei stelte dei gamle. Ferie og fritid var ukjent. Bekymringar om sjukdom og død var velkjent. Eg tippar at ei småbarnsmor i 1907 høyrde godt etter med angst i magen visst ein av ungane hosta litt uvanleg. Ein lungebetennelse i ein liten kropp kunne vere meir enn nok til at far måtte ut i kjerrehuset med tunge steg og finne material til ei barnekiste.

 

Men sjølvsagt var det også gode og glade stunder trass i den harde kampen for dagleg brød.

 

Ein solrik vårdag då kornet spirte og dyra vart sleppte ut på grønt beitegras. Ein sommardag i torvmyra. Gleda i omsorga for borna. Lyden av glade, leikande born. Gleda i ein sterk kaffikopp etter dagens strev, med god torvlunk frå omnen.

 

Gleda i fellesskap med andre. Kjærleiken mellom mann og kvinne. Gleda og tryggheita i å bli stroken på magen av ei varm og kjærleg arbeidshand på halmmadrassen under sengefellen etter ein kald og strevsam arbeidsdag. Mens ongane sov på kvistar og skutar og rennedrevet sette varhaugbygda i kok ei svart og hjartelaus januarnatt.

 

Skulle tru desse tre konene frå Varhaug i 1907 hadde nok med seg sjølv og sine og sitt eige strev. Det hadde dei ikkje. For dei hadde fått noko som dei måtte dele med andre. Dei var frelste av nåde i Jesus Kristus og hadde fått del i det evige livet. Dei hadde høyrt om eit liv etter jordelivet, fritt for sjukdom og strev, tårer og bekymringar. Eit fullkome liv. Og dei hadde lest misjonsbefalinga – gå difor ut og gjer alle folk til mine.

 

Og så gjekk dei. På sin måte. Etter mjølking og fjøsstell og kledevask og grautkoking. Etter bleieskift og barnestell, så fann dei vegen. Kanskje hadde dei foreining på dagtid. Eller kanskje gjekk dei i stummande mørke til ei parafinopplyst stove ein eller annan stad på Varhaug. For å halde foreining. For å drive misjon.  For å samle inn pengar, for å be og vitne.

 

Og me kjenner til at mens dei gjekk til foreininga, mens ungane låg og sov på kvistrom og loft, så var nauda til desse kvinnelege pionerane så sterk at det hendte dei fall på kne langs vegen, langs myrane og lyngmarkene og steingardane og bad til Gud om vekking og frelse for dei unådde. Dei bad for folk som dei aldri hadde sett eller kom til å sjå, men som dei visste var der på den andre sida av jorda.

 

Men dei bad ikkje berre for dei i Kina eller seinare Afrika eller Sør-Amerika. I årsmeldinga for 1964/1965 har sekretæren, Gudrun Lerbrekk, skrive mellom anna: Sitat: ”Onsdag 3. november fylgde me Rakel Anda til den siste kvilestaden. Frå foreininga sende me ein krans med helsinga, takk for minnet ditt. Alle i foreininga vil minnast henne som ei trugen misjonskvinne som vitna om Gud og bad for folket”. Sitat slutt.

 

Ho vitna om Gud og bad for folket. Det er ein attest og ei kjennsgjerning som kan ta pusten frå nokon kvar. Og det gjeld ikkje berre Rakel Anda og alle dei andre foreiningskvinnene som har gått føre i løpet av desse 100 åra og fått ein krans og ei siste helsing frå foreininga på veg til siste kvilestaden.

 

 Det gjeld foreininga og dei som verkar i ho i dag. Det var sterk kost å oppdage på nytt for ein som ikkje har vore på foreining sidan 1969. Dei ber for folket. Dei ber for bygda. Dei ber for meg og deg.

 

Den andre aha opplevinga eg fekk av desse korte setningane til Gudrun, var at foreiningsarbeid ikkje er noko som ein driv med ein periode av livet. Når det passer eller når ein har godt med tid.

 

Foreiningsarbeid er ofte ei livslang teneste i bøn og teneste for folket. Også for folket her på Varhaug – og protokollane etterlet ingen tvil. Det er eit arbeid i eit fellesskap prega av kjærleik og omsorg for kvarandre, for bygda og for misjonsmarka.

 

Protokollane til foreininga og til Misjonssambandet sitt misjonslag på Varhaug er imponerande lesing. Det er ei skriftleg kjelde som vitnar om hektisk aktivitet i 100 år. Møteveker og misjonsfestar, basarar, julemesser og turar. Krinsmøte og generalforsamlingar, styremøte, hagestemne og komitéarbeid. Guds rikes arbeid. Eg trur også me må ha lov til å seie at foreiningsarbeid og misjonsarbeid ikkje berre er bibel og bøn og teneste. Det har sjølvsagt ein effekt som ein sosial arena.

 

I desse 100 åra har konene treft kvarandre sosialt. Litt kvardagsleg drøs og gode låttar har det vore plass til attåt kaffien på foreining, eller attåt smørbrødsmørjinga på søndagsettermiddagen før misjonsfesten eller attåt lefsebakinga før julemessa.

-----------------------------------

Når eg kjem ned til riksvegen etter å ha gått frå Dysjalandsvegen til Bratland, snur eg og byrjar å gå austover att. Medan sola går ned bak meg og det blir mørkt, skimtar eg gardane og husa på Stasjonen, på Ånestad, Tvihaug, Primstad, Ualand, Skretting, Auestad, Håland og alle dei andre.

 

Og eg ser for meg ein del av ansikta til dei kvinnene som har gått i mor si foreining, og i mormor si foreining. Og eg ser for meg dei som går i foreininga i dag. Og eg håpar og trur at om verda står, så vil foreiningsarbeidet halde fram i nye hundre år. Med same fellesnemnaren som det desse tre kvinnene Taletta Tenold, Rakel Hobberstad og Rebekka Lerbrekk bygde sitt arbeid på: At folk skulle få ta i mot frelsa i Jesus Kristus og ta del i Guds rikes arbeid og det evige livet.

 

Det har blitt haust og kveld der eg går. Sola har gått ned i vest. Mens eg går austover kikkar eg i den retninga som sola skal kome opp att i morgon.

 

Og eg blir minna om det som foreiningskvinnene saman med alle truande ser fram til med forventning. Det som på kanaanspråket kan kallas den store soloppgangen der i aust. Den evige og himmelske foreiningsfesten.

 

Kjære alle trufaste foreiningskvinner som er samla her for å markere at misjonssambandet si kvinneforeining på Varhaug er 100 år. Eg skal seie det enkelt, eg skal seie det på vegne av oss alle som nyt godt av dykkar omsorg, forbøn, hjelp, teneste og misjon, og eg skal seie det med eitt ord:

Takk!

 

Sjur Håland