Eigarane av Varhaug Misjonshus med ein firedel kvar, er desse fire organisasjonane:
Norsk Luthersk Misjonssamband, Varhaug - tilslutta NLM
Det Norske Misjonsselskap, Varhaug - tilslutta NMS
Normisjon, Varhaug - tilslutta Normisjon, region Rogaland
Varhaug Indremisjon, - tilslutta Rogaland Indremisjon/Indremisjonsforbundet
Føremålet med Misjonshuset er ved bruk av dei nådemidler som er gitt oss i Guds ord å fremja Guds rike heime og ute. Arbeidet er forplikta på Bibelen, Den Norske Kyrkja si vedkjenning og dei retningsliner som dei fire eigarorganisasjonane arbeider etter.
Misjonshuset skal ha eit styre på åtte medlemmer. Kvar organisasjon vel 2 styremedlemmer med personlege varamenn. Funksjonstida på to år tek til etter ordinært årsmøte for Misjonshuset. Styremedlemmer og varamenn må ha nådd røysterettsalder. Styret konstituerer seg sjølv med leiar og nestleiar. Ved likt røystetal i styret vert det nytta loddtrekning. Varhaug Kristelege Ungdomslag har høve til å møte i styret med ein representant med tale og forslagsrett.
Styret kan leiga ut huset til føremål som er av byggjande karakter for samfunnslivet vårt. Det gjeld så vel nærings- som det sosiale og kulturelle livet. Utleigetilskipingar må ikkje ha ein karakter som er i strid med Misjonshuset sitt hovudføremål, jamfør § II.
Styret har ansvar for økonomi og drift av Misjonshuset. Inntekter ved utleige og anna skal dekkje vanlege utgifter ved drift og vedlikehald. Påbygg, større ombyggingar og endringar i planløysingar skal godkjennast av eit Årsmøte, jamfør § VIII.
Styret har ikkje fullmakt til å pantsetje, eller påføre eigedomen heftelser, uten at slike saker først er framlagde for - og vedteke av - eit ordinært eller ekstraordinært årsmøte.
Dersom nokon av dei 4 eigarorganisasjonane finn å måtta trekkja seg ut av eigarskapet, overtek dei andre eigarorganisasjonane vederlagsfritt heile eigedomen med dei rettar og pliktar som fylgjer med dette.
Når det gjeld fordeling av tid- og bruksrett av huset mellom laga, må det skje så rettvist som mogeleg.
Skulle det i ymse høve syna seg at eit lag under ei verksemd bør halda fram lenger enn tinga, kan styret gjeva løyve til det. Dette gjeld og andre misjonslag i bygda.
Styret skal kalla saman til årsmøte innan utgangen av mars månad. På årsmøtet skal styret legge fram årsmelding og revidert rekneskap. Årsmøtet drøftar og vedtek årsmeldinga og rekneskapen, og vel kasserar og to revisorar. Det skal førast møtebok frå årsmøtet der alle val og handsama saker vert refererte.
Framlegg til endringar eller tillegg til desse lovane skal sendast til styret seinast 4 månader før årsmøtet. Styret skal senda innkomne saman med eventuelle eigne forslag til eigarorganisasjonane seinast 3 månader før årsmøtet. Endring eller tillegg til lovene krev 2/3 fleirtal av dei røysteføre som deltek på årsmøtet. Røysterett har den som er medlem i ein av eigarorganisasjonane samt har nådd den til ei kvar tid gjeldande røysterettsalder. Merk: Framlegg til endring av § II krev godkjenning av alle eigarorganisasjonane før dette vert lagt fram på årsmøtet.
Formannskomiteen skal sjå til at det som skjer på Varhaug Misjonshus samsvarer med læregrunnlaget til Varhaug Misjonshus. Jamfør § II. Formannskomiteen har eigne statuttar. Endring av statuttar må godkjennast av årsmøtet i Varhaug Misjonshus.
1. Formannskomiteen skal sjå til at det som skjer på Varhaug Misjonshus samsvarer med læregrunnlaget i lova til Varhaug Misjonshus. Formannskomiteen har ansvar for å følgje opp det arbeidet på Misjonshuset som ikkje høyrer direkte inn under ein av dei fire eigarorganisasjonane. Eksemplar på dette er Ungdomslag, kor, søndagsskule og felles arrangement.
2. Formannskomiteen skal være tilgjengelige for rådgjeving for leiarane i dei ulike lag.
3. I saker der eigarorganisasjonane har ulik teologisk ståstad skal ei objektiv orientering av dei ulike syn protokollførast.
4. Formannskomiteen skal søkja å ivareta einskap og samarbeid mellom organisasjonane ved bl.a. å samtale om møtekalenderen, det som skjer på misjonshuset, tema etc.
5. Formannskomiteen er sett saman av leiaren i kvar av de fire eigarorganisasjonane på Misjonshuset, Ungdomslaget og Misjonshusstyret. Representanten frå Misjonshusstyret og frå Ungdomslaget har talerett, men ikkje stemmerett.
6. Alle vedtak og utsegn frå formannskomiteen må ha alle dei 4 organisasjonane si tilslutning. Ein formann kan be om at alle rådfører seg med organisasjonsstyra før eventuelle vedtak kan takas.
7. Formannskomiteen konstituerer seg sjølv ved å velja leiar, nestleiar og sekretær for eit år om gongen.
8. Formannskomiteen fører møteprotokoll og lager årsmelding som skal leggjast fram på årsmøtet for Misjonshuset.
9. Formannskomiteen samlast 4-6 gonger i året.